ePortal

Digital kommunikasjon med legekontoret. 

Det er no opna for å bruke helsenorge.no til digital kommunikasjon med fastlegen.
På denne lenken ser du korleis du enkelt kan gjere dette: https://www.helsenorge.no/fastlegen/om/hva-er-e-konsultasjon/


Tenestene du kan nytta, er:

Timebestilling -høve til å bestille time på nett.
E-resept  -fornye resept på faste medisiner.

E-konsultasjon -eit alternativ til ordinær konsultasjon ved kjent sjukdom. Denne blir honorert med same takst som ved oppmøte hjå fastlegen. Evnt. tilleggspørsmål og innhenting av supplerande informasjon frå pasienten er inkludert.
Kontakt legekontoret -kan nyttast til enkle spørsmål. Som svar på blodprøve, kort info om røntgensvar/epikriser eller du ønskjer at fastlegen ringjer deg tilbake. Denne tenesta er gratis.

Annika Dyrkjær har dessverre ikkje mogelegheit å gje digitale tenester. Send evt melding via “kontakt legekontoret”.

Feil ved nokre av desse tenestene kan rapporterast til ssk@luster.kommune.no