Luster Legekontor
Utviklet av
Visma Unique AS
Velkommen

 
Personale ved legekontoret
Bak frå ve.: Kari Schønberg, Torbjørn Aunan, Geir-Anders Kaldal, Knut Schønberg, Truls Rogstad, Morten Larsen, Kristoffer Larsen.
Rekke to: Mariann Alme, Anete Kaldal, Gro Sissel Haugen, Kjellrun Øvregard, Ingunn Watsend.
Framme: Anne Kjær Schmidt, Øygun Kjos, Berit Kjos, Sofie Rosager, Sigrun Sandvik Kalhagen.


Velkommen til heimesida vår.
 
Vi ønskjer å gjere kontakten med oss så enkel som mulig. Derfor er det tilrettelagt for time-, resept-, og attestbestilling. Hugs å noter namnet på fastlegen din.
Opplysningar du sender frå desse sidene blir kryptert, dvs gjort uleselige for alle andre enn den rette mottakaren.
Når du ønskjer telefonkontakt  med legen, brukar du tenesta attest.

Du vil i tillegg finne ein del informasjon om legekontoret her, viser også til heimesida http://www.luster.kommune.no/ under eininga helse.  Elles er du velkommen til å ta kontakt på telefon dersom du ønskjer det.

Reseptbestilling
Reseptar må bestillast i god tid, dei blir først ekspedert neste dag.
Dette gjeld alle bestillingar, både medisinen som skal hentast på apotek, sendast heim eller hentast på Spar i Gaupne. Det er berre reseptar med hastegrad pga akutt sjukdom som blir behandla same dag.

Kostnad ved bruk av tenesta
Me gjev tilbakemelding på SMS, dette kostar 5 kroner. Dersom du ikkje ønskjer tilbakemelding blir det heller ingen utgifter. Du må då notere i beskjedfeltet at du IKKJE ønskjer tilbakemelding.

Turnuslege
Arne Løberg Sæter starta som turnuslege 15.08.11



 
Nyheter
Truls Rogstad - fastlegeliste/deleliste

Personar som står på fastlegelista til Truls Rogstad, kan no velgje om dei vil gå til han eller til Anne Kjær Schmidt.
Det er oppretta deleliste mellom desse to legane og listelengd er auka med 150 personar.
Ved kontakt med legekontoret vil de få spørsmål om kva lege de vil bruke.



Oversikt over fastlegar som har ledig plass på si liste.
Pr. 01.01.12  Ingunn Watsend, Sofie Rosager, Morten Larsen, og Truls Rogstad/Anne Kjær Schmidt .
Truls Rogstad og Anne Kjær Schmidt har liste i lag. Ønskjer du Anne Kjær Schmidt som fastlege må du velje Truls Rogstad. Du avgjer sjølv kven av desse to legane du vil gå til.

Bytte av fastlege

Ved bytte av fastlege kan du bruke følgjande adresse:  https://tjenester.nav.no/minfastlege/innbygger/visloginside.do

Eller du kan ringje :
NAV Helsetjenesteforvaltning på telefon 810 59 500.